Velsigninga
Sorgenfriveien 8, 4156 Mosterøy
Telefon: + 47 468 15 769
www.utsteinpilegrimsgard.no
utsteinpilegrimsgard@kyrkja.no
Grafisk design: Infopages DA - Trykk: Lasertrykk - Utgjevar: Utstein Pilegrimsgard 2021.
Lat oss alle be.
Herre Jesus Kristus,
du som er den levande Guds Son og tok på deg
ein tenars skapnad og blei lydig til døden, me bed deg:
Lat nattverdens gåve gjera oss takksame og glade,
så me ikkje lever for oss sjølve, men for deg som døydde
for oss og sto opp for oss. Fyll oss med din kjærleik, så
me kan tena våre medmenneske i lydnad mot din vilje.
Amen.
(Salme)
Heilage, trieinige Gud,
du som har openberra din evige kjærleik i Jesus Kristus.
Ver hjå oss til tida endar.
Du var hjå oss då våre liv blei forma.
Ver hjå oss når livet tek slutt.
Du var hjå oss då sola sto opp.
Ver hjå oss når dagen endar.
(Me reiser oss)
Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred.
Amen.
D E R T I D O G E V I G H E T, J O R D O G H I M M E L , M E N N E S K E R O G G U D M Ø T E S