
7
Vår Herre Jesus Kristus, i den natta han vart sviken, tok
han eit brød, takka, braut det, gav læresveinane og sa:
Ta imot og et! Dette er min kropp som blir gjeven for
dykk. Gjer dette til minne om meg.
Like eins tok han begeret etter måltidet, takka, gav dei
og sa: Drikk alle av det! Dette beger er den nye pakt i mitt
blod, som blir utrent for dykk så syndene blir tilgjevne.
Kvar gong de drikk av det, så gjer det til minne om meg.
Herre Jesus Kristus, kvar gong me et dette brødet og
drikk av begeret, forkynner me din død,
heilt til du kjem.
Amen. Ja, kom, Herre Jesus.
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.
Guds fred vere med dykk alltid.
Guds fred vere med deg.
(Her kan ein veksla handtrykk med dei som står nærast, og
seia: Fred vere med deg eller Guds fred)
Du Guds Lam, som ber all verdsens synder,
miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som ber all verdsens synder,
miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som ber all verdsens synder,
gjev oss din fred.
Kom, for alt er gjort ferdig.
Utdelingsorda lyder:
Kristi kropp gjeven for deg.
Kristi blod, gjeve for deg.
(Me set oss før tilseiinga)
Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve
oss sin kropp og sitt blod som han gav til soning for
alle våre synder.
Han styrkje oss og halde oss oppe i ei sann tru til det
evige livet. Fred vere med dykk.
(Stilla)
Herrens innstiftingsord:
(Me reiser oss)
Nattverdmåltidet