(NB! Leiar les vanleg skrift / Alle les utheva skrift)
Nåde vere med dykk og fred
frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.
Heilage Gud, me er samla for ditt andlet for å ta imot det
du vil gje oss. Lat no opp hjarto våre så me kan fornyast
i trua på deg. Amen.
(Salme)
(Stilla)
Herren vere med dykk.
Og med deg vere Herren.
Lyft dykkar hjarto.
Vi lyfter våre hjarto til Herren.
Lat oss takka Herren vår Gud.
Det er verdig og rett.
Det er godt å takka deg, Herre vår Gud, og lovsyngja
ditt namn, du Den Høgste, å forkynna din nåde
om morgonen og din truskap når natta kjem.
Du har skapt oss og held oss oppe. Du gjev liv og helse,
heim og arbeid, venskap og kjærleik.
6
Du let Son din leva som eit menneske mellom menneske,
du let han døy for vår frelses skuld og stå opp med evig
herlegdom.
Du gav oss Din heilage ande, Hjelparen og Trøystaren,
som ikkje let oss vera aleine når me syrgjer og er redde.
I han er du nær oss alle dagar.
Saman med dei truande gjennom alle tider og med dei
himmelske herskarane vil me prisa ditt heilage namn.
Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.
All jorda er full av din herlegdom.
Hosianna i det høgste. Velsigna vere han som
kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste.
Me takkar deg, Herre over himmel og jord, du som opnar
di hand og mettar alt levande med det som godt er.
Du sende Son din så han skulle lida på krossen, og du
reiste han opp frå døden.
Han er det sanne brødet, som kjem ned frå himmelen
og gjev verda liv.
Me bed deg: Send din Ande over oss og desse gåvene, så
me med tru og takk kan ta imot det himmelske brødet.
Og liksom kornet har blitt eitt i brødet og druene i
vinen, gjer oss til eitt med kvarandre og med Herren
Jesus Kristus.
Nattverd (Klassisk)
Tekstlesing