5
Innstiftingssord (Me reiser oss) Nattverdutdeling (Me set oss før tilseiinga)
Vår Herre Jesus Kristus, i den natta han vart sviken, tok
han eit brød, takka, braut det, gav læresveinane og sa: Ta
imot og et! Dette er min kropp som blir gjeven for dykk.
Gjer dette til minne om meg.
Like eins tok han begeret etter måltidet, takka, gav dei
og sa: Drikk alle av det! Dette beger er den nye pakt i mitt
blod, som blir utrent for dykk så syndene blir tilgjevne.
Kvar gong de drikk av det, så gjer det til minne om meg.
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.
Guds fred vere med dykk. Guds fred vere med deg.
(Me kan helsa kvarandre med Guds fred)
Brødet som me bryt, gjev oss del i Kristi kropp.
Vinen som me drikk, gjev oss del i Kristti blod.
Smak og kjenn at Herren er god.
Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve
oss sin kropp og sitt blod som han gav til soning for
alle våre synder.
Han styrkje oss og halde oss oppe i ei sann tru til det
evige livet. Fred vere med dykk.
(Stilla og salme)
Himmelske Far, du som førde fram alt liv ved ditt ord.
Jord og hav og himmel tilhøyrer deg.
Du er nær oss på alle sider.
Kvart atom ber i seg di skaparkraft.
Din Ande gjev glede til alle som bur på jorda.
Saman med din Ande lengtar me etter at rettferda
skal råda,
at skaparverket skal bli løyst frå sine lekkjer,
at dei som svelt skal få mat,
at fangar skal få sin fridom
og at ditt rike skal koma. Amen.
Ta imot Herrens velsigning. (Me reiser oss)
Vår Herre Jesu Kristi nåde, Gud, vår Fars kjærleik og
Den heilage andens samfunn vere med dykk alle.
Amen.