
Nattverdsfeiring (Keltisk) Nattverd
(NB! Leiar les vanleg skrift / Alle les utheva skrift)
I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.
(Salme)
Me takkar deg, Herre Jesus Kristus,
for at du har gjeve oss så mange gode gåver: Dag og
natt, hav og land og alle slag vér, både storm og stilla.
Alt me har fått, fekk me frå deg. Alt me vonar, spring
ut av din kjærleik. Alt me gler oss over, kjem frå di
gavmilde hand. Alt me bed om, får me etter din vilje.
Himmelske Far, du som let oss få del i alt du eig,
sjå til at ikkje noko, korkje av godt eller vondt, bind oss
for sterkt til denne verda.
Herre Jesus Kristus, lat kjærleikens loge brenna i hjarto
våre slik at me kan elska nesten vår, både fiendar og
vener.
Herre Jesus Kristus, du som gjev von til alle fattige og
lengtande, lat kjærleikens loge brenna i hjarto våre.
Amen.
(Guds ord/meditasjon) - (Stilla og salme)
2
Me lovsyng deg Gud, skapar av himmel og jord.
Du omkransar oss med kjærleik og omsorg.
Takk for frelsa du har gjeve oss gjennom Jesus Kristus.
Me bed deg: Send din Ande over oss og dine gåver.
Innstiftingsord - (me reiser oss)
Vår Herre Jesus Kristus, i den natta han vart sviken, tok
han eit brød, takka, braut det, gav læresveinane og sa:
Ta imot og et! Dette er min kropp som blir gjeven for dykk.
Gjer dette til minne om meg.
Like eins tok han begeret etter måltidet, takka, gav dei og
sa: Drikk alle av det! Dette beger er den nye pakt i mitt
blod, som blir utrent for dykk så syndene blir tilgjevne.
Kvar gong de drikk av det, så gjer det til minne om meg.
Mysteriet i trua er stort.
Kristus døydde.
Kristus stod opp.
Kristus skal koma att.
Han vere ære for kjærleiken
som er sterkare enn døden.