Sakarjas lovsong, Luk 1,68 - 79:
Velsigna er Herren, Israels Gud, for han såg til sitt folk og har løyst det.
Han har reist for oss eit horn til frelse i sin tenar Davids hus,
så som han lova frå gammal tid ved munnen til sine heilage profetar:
å frelsa oss frå våre fiendar og frå handa åt alle dei som hatar oss.
Han viste miskunn mot våre fedrar og kom i hug den heilage pakta,
den eid han gav som lovnad til Abraham, vår far,
så me, frelste frå fiendehand og utan otte,
kan tena han for hans andlet i reinleik og rettferd alle våre dagar.
Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar
og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,
for vår Gud er rik på miskunn.
Slik skal lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang
og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.
Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande.
Som det var i opphavet, så nå og alltid og i all æve. Amen.
Bøn (stille eller frie bøner)
Herrens bøn:
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi og tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.
(Song)
Velsigninga:
Herren signe oss og vare oss og føre oss til det evige liv.
Amen.
8