
7
I dine hender overgjev me våre ufullenda oppdrag, våre uløyste problem, våre
uoppfylte håp, og me veit at det du signar, vil vekse og bere frukt.
Til di omsorg og kjærleik overgjev me kvarandre og alle me har kjær.
Gjer meg til reiskap for di uendelege miskunn.
Fyll meg med slik medkjensle at eg ikkje ser på noko som for lite.
Gjer meg til eitt med din gode vilje.
(Song)
Hjelp oss å gjere Guds vilje, ha del i Kristi død og stå opp til eit himmelsk lys.
Hjelp oss å kvile trygt i natt, sove i fullkomen fred og stå opp når det gryr av dag.
Må Faderen sjå til oss på vårt leie,
må Kristus fylle våre draumar
og englane stå vakt om våre sjeler. Amen.
Morgonbøn (klassisk)
Herre, lat opp mine lepper,
så min munn kan lovprisa deg.
Mett oss med di miskunn om morgonen,
så me kan jubla og gleda oss alle våre dagar.
(Song)
Frå bibelsk salme 95 og 119:
Kom, lat oss jubla for Herren,
hylla vårt berg som frelser oss!
Lat oss gå fram for han med lovsong, hylla han med song og spel!
For Herren er ein stor Gud, ein stor konge over alle gudar.
Han har jord-djupnene i si hand og fjelltoppane i eige.
Havet er hans, han har skapt det, hendene har forma det faste landet.
Kom, lat oss knela og kasta oss ned, bøya kne for Herren, vår skapar!
For han er vår Gud, vi er folket han gjeter, flokken i hans hand.
Kom, lat oss jubla for Herren, hylla vårt berg som frelser oss!
Ditt ord er ei lykt for min fot
og eit lys for min stig.
(Guds ord - Stilla)