Kveldsbøn (enkel)
Gud, me lovar deg og vil ikkje gløyma alt det gode du gjer.
Me lovar deg for alt det skapte som er til ære for deg.
Du smiler og vinkar til oss gjennom kvar stein og kvar stjerne.
Når sola dalar og går ned i vest, går me til kvile med deg.
(Song)
Bibelsk salme 143:
Herre, høyr mi bøn, vend øyret til mitt rop om nåde!
Svar meg, du som er trufast og rettferdig.
Gå ikkje i rette med din tenar. For ingen som lever, er rettferdig for deg.
Eg kjem gamle dagar i hug, eg tenkjer på heile ditt verk,
grundar på det dine hender har gjort.
Eg rettar ut hendene mine til deg, lengtar etter deg lik tørstande jord.
Skund deg og svar meg, Herre, mi ånd går til grunne.
Løyn ikkje andletet for meg, elles blir eg lik dei som går i grav.
Lat meg høyra om di miskunn om morgonen, eg set mi lit til deg!
Lêr meg den vegen eg skal gå, for eg lyfter mi sjel til deg.
Fri meg frå mine fiendar, Herre! Hos deg søkjer eg ly.
Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud!
Lat din gode Ande leia meg på jamn grunn.
For ditt namn skuld, Herre, hald meg i live!
Du som er rettferdig, før meg ut av trengsla!
Sjå tilbake på dagen:
Lat oss sjå tilbake på dagen som har vore.
Herre, Jesus Kristus, livgjevar og trøystar. Opna mitt hjartes auga slik at eg ser
korleis du har vore nær denne dagen.
Når eg tenkjer tilbake på denne dagen, kva er eg mest takksam for?
Var det noko som vart vanskeleg i dag?
Kva treng eg å snakke med Gud/Jesus om med tanke på morgondagen?
Stille ettertanke og bøn:
Gud, vår Far, boren av di makt og omsorg vender me oss trygt mot natta;
hos deg er lys.
6