(Song)
Velsign for meg, Gud,
jorda under føtene mine.
Velsign stien eg går på.
Velsign menneske eg møter.
Gud, gje velsigning i livet mitt.
Amen.
Middagsbøn (enkel)
I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.
Velsigna oss nå, Herre, midt på dagen, ver nær hos oss og alle me er glad i.
Hald oss fast i gode haldningar,
i det glade, det enkle og det milde.
(Song)
Bibelsk salme 23:
Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.
Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko.
Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile.
Han gjev meg nytt liv.
Han leier meg på rettferds stigar for sitt namns skuld.
Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt.
For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
Du dukar bord for meg framfor mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over.
Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.
(Guds ord - Stilla)
Bøn:
Allmektige Gud, i ditt hjarte gravlegg du fortida vår.
Du er i kvar augneblink, og du vil ta vare på framtida vår.
4