
3
Morgonbøn (enkel)
Livgjevande Gud, du let verda opne seg for deg.
Du kallar på dagen og soloppgangen.
Opne også våre liv
så me kan vere levande menneske.
Opne våre hjarte
så me kan vise kjærleik.
Opne våre munnar
så me kan prise deg.
(Song)
Bibelsk salme 103:
Velsign Herren, mi sjel!
Alt som i meg er, velsign hans heilage namn.
Velsign Herren, mi sjel!
Gløym ikkje alt det gode han gjer.
Så høg som himmelen er over jorda,
så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.
Så langt som aust er frå vest,
tek han syndene våre bort frå oss.
Velsign Herren, alle hans skapningar, overalt der han rår.
Velsign Herren, mi sjel!
(Guds ord - Stilla)
Lat oss be stille eller høgt for dagen som ligg framføre oss og menneske
me tenkjer på.
Herre Jesus Kristus, det finst ingen blom på marka som ikkje fortel om
din venleik,
eller liv på landjorda eller i havet som ikkje forkynner din godleik.
Det er ingen fugl på vengene, inga stjerne på himmelen,
ingen ting under sola som ikkje er fylt av di velsigning.
Herre Kristus, lys opp min forstand. Lat meg sjå at du er nær overalt.
Gje meg vilje til omsorg for alt du har skapt.
Ver du min kjærleik, mi von, mitt arbeid, mitt strev.
Lat alle mine tankar og ord flyte frå deg.
Lat mitt daglege liv bli i deg,
og kvart andedrag eg tek, vere for deg.