Forord til lita bønebok
Liturgiar speglar kyrkja si tru og gir oss eit bønespråk å kvila i.
I dette heftet vil du finna bøner for morgon, midt på dagen (middag) og kveld.
I tillegg finn du ei bøn som passar til alle dagens tider og ei som kan brukast ved
avslutninga av ein retreat eller eit anna arrangement.
Det skal være enkelt å leia tidebøn ved hjelp av bøneheftet. Den som leier
må sjølv finna to songar og ein bibeltekst. God hjelp finst i Bibelleseplanen frå
Bibelselskapet. Denne følger kyrkjeåret. Leiaren kan òg finna tekstar ut frå eit tema
eller fordi han/ho har lyst til å lesa ein bestemt bibeltekst.
Både Bibel og salmebok er fulle av skattar som ventar på å bli oppdaga. Vi har òg
sangheftet frå Taizé og høve til å kopiera andre songtekstar.
Dette heftet inneheld ulike bøner som har vore brukt ved Utstein Pilegrimsgard.
Opphavet til bønene er ikkje alltid lett å gjera greie for. Mange av medarbeidarane
våre har kome med forslag til bøner som kan passe hos oss.
Reidun Kyllingstad har tilpassa dei og funne ei form som er prøvd ut på
Pilegrimsgarden. Bønene i den klassiske serien er i stor grad henta frå kyrkja sine
liturgiar slik dei ligg opne på www.kirken.no.
Bønene skal lesast slik: Leiar les vanleg skrift. Alle les utheva skrift.
Morgonbøn enkel
Middagsbøn enkel
Kveldsbøn enkel
Morgonbøn klassisk
Middagsbøn klassisk
Kveldsbøn klassisk
Bøn til alle dagens tider
Bøn ved avslutning av retreat/samvær
2
.......... side 3
.......... side 4
.......... side 6
.......... side 7
.......... side 9
.......... side 10
.......... side 12
.......... side 13
Innhald