Til deg, o Herre, løfter eg mi sjel
Bibelsk salme 121:
Eg lyfter auga mine til fjella.
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
Mi hjelp kjem frå Herren,
som har skapt himmel og jord.
Han vil ikkje la foten din vakla,
din vaktar vil ikkje blunda!
Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje,
Israels vaktar.
Herren er din vaktar,
Herren er din skugge
ved di høgre hand.
Sola skal ikkje skada deg om dagen,
heller ikkje månen om natta.
Herren skal vara deg frå alt vondt.
Han skal verna om ditt liv.
Herren skal vara din utgang og din inngang
fra no og til evig tid.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande
som i opphavet så nå og alltid og i all æve. Amen.
Guds ord:
Herren sjølv skal gå framfor deg. Han skal vera med deg.
Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!
(5. Mos 31.8)
Salme 624 - Må din vei komme deg i møte.
14