11
Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg og lyset omkring meg bli natt».
Men mørkret er ikkje mørkt for deg, natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.
Bakfrå og framanfrå omgjev du meg, du har lagt di hand på meg.
(Guds ord - Stilla)
Marias lovsong, Luk 1,46 - 55:
Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn.
Frå slekt til slekt varer hans miskunn over dei som ottast han.
Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge.
Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg.
Han tok seg av Israel, sin tenar, og kom i hug si miskunn
slik han lova våre fedrar, Abraham og hans ætt, til evig tid.
Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande.
Som det var i opphavet så nå og alltid og i all æve. Amen.
Bøn (Stille eller frie bøner)
Herrens bøn:
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi og tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.
(Song)
Ta imot Herrens velsigning:
Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg
nådig! Herren lyfte sitt åsyn mot deg og gje deg fred! Amen.