5
Til deg, du pilegrim!
Her finn du
ope dør til stille rom.
Gå berre inn,
her er du venta.
På gammal kyrkjebenk
du set deg ned.
Her finn du live,
kjenner fred.
Du pilegrim ved ope hav
på veg frå vogge til grav,
Kom inn!
Meisteren sa: Eg er døra
Kom til meg med den tunge børa.
Eg gjev deg kvile.
Kom til meg med din takk for livet.
Kom med alt som i hjartet bur.
Gode Gud, sign «Stille rom».
Lat det få vera ein møteplass
der du finn oss
og vi finn deg.
I Jesu namn.
Amen.
Anne Sofie Haarr
Til opninga av «Stille rom» på Obrestd fyr
tysdag 18. juni 2013.