7
Stille bøn, avsluttast med Herrens bøn:
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
Gud, velsigne jorda under oss,
våren rundt oss,
veksten som ligg framfor oss,
og håpet i oss.
(Song)
Kveldsbøn om våren
Store Gud,
du som tek deg av og sørgjer for alt,
må den grøne våren prisa deg,
må knoppane og blomane prisa deg,
må stråa og graset prisa deg,
må buskane og frukttrea prisa deg,
må fuglane og biene prisa deg.
Må det nye livet prisa deg.
Abraham, han som grunnla trua,
prisa deg,
må dei sju dagane og
stjernehimmelen prisa deg.
Moses og Miriam prisa deg,
må menn og kvinner prisa deg.