stormvind som set hans ord i verk,
fjell og alle haugar, frukttre og alle sedrar,
ville dyr og alt fe, krypdyr og fuglar med venger,
kongar på jorda og alle folk,
stormenn og alle styresmenn på jord,
unge menn og jenter, gamle folk og gutar!
Dei skal lova Herrens namn, berre hans namn er opphøgd.
Hans herlegdom er over himmel og jord.
Han har reist opp eit horn av kraft for sitt folk
til ære for alle sine trugne,
for Israel, folket som er han nær.
Halleluja!
Må eg denne dagen
vera djupt festa til jorda
veksa liksom plantene
vera fri som vinden
og må varmen og kjærleiken i meg
springa ut som knopp og blom.
(Song)
(Guds ord - Stilla)
Kristus, for denne vakre jorda
som for ei tid er min heim,
bøyer eg kne -
for livgjevande daggry og stille kveldar,
for barnelått og varme i elskande augo.
Kvart syn og kvar lyd er ei stemme
som fortel om deg.
I regnet ser eg dine tårer
over alt det vonde.
I solskinet ser eg lyset frå ditt andlet
over alt som er godt.
Mangfoldige er gledene om våren.
Kom med varme og lys,
og glede over alt nyfødd liv,
lat knoppane og kjærleiken blomstra,
vern alt sårbart liv.
6