Pilegrimsgarden er ein stille stad som viser veg til Kristus, ein stad der tid og æve, jord
og himmel, menneske og Gud møtest. Vi ønsker å vera ein gjestfri, åndeleg ladestasjon
og ein stille rasteplass for alle på vegen gjennom livet - uansett ståstad og tru. Her kan
du vera deg sjølv i hjarte og sinn - på ytre og indre pilegrimsvandringar - og leggja
kvardagsstress og jag til sides.
Vår nære horisont til storhavet, gjer eit besøk ved Pilegrimsgarden til ei fin øving i å
kunne audmjuke seg midt i Guds utrulege skaparverk. Nærleiken til Utstein kloster
gjer eit unikt historisk perspektiv.
Vi ønsker deg hjarteleg velkommen til stille rom, ei seng, heimelaga mat, retreatar,
vandringar, kurs, kulturopplevingar og myke meir. Sjå nettside og program.
31
Utstein Pilegrimsgard
Pilegrimsgarden er forankra i Den norske
kyrkja og Stavanger bispedømme, og har
ein økumenisk profil. Den tidlegare skulen på
vakre Mosterøy, like nord for Stavanger, er blitt
ein populær og høgt verdsett møtestad for stadig fleire menneske.