så me kan leva for hans andlet.
Me vil jaga etter å kjenna deg, Herre, sikkert som soloppgangen kjem du.
Du kjem til oss lik regnet, lik vårregnet som væter jorda.
Bind om våre sår og reis oss opp, Gud.
Kva skal eg gjera med deg, mitt folk?
Kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, lik dogg som tidleg blir borte.
Du vil ha heilskap, ikkje tome skal.
Bind om våre sår og reis oss opp, Gud.
Me takkar deg for at du alltid er nær
i det som skjer, kvar dag og kvar natt.
Me takkar deg for alle gåvene i ditt skaparverk,
for liv og venskap, for alle dine velsigningar denne dagen.
Lat oss koma i hug og nemna velsigningar, stillt eller høgt…
(Song)
I dine hender, Herre, legg me familiane og naboane våre,
brør og systre i Kristus, og alle me har møtt i dag… (pause, tenk på namn.)
Ta dei inn i di varetekt.
I dine hender, Herre, legg me alle som er offer for fordommar,
undertrykking og forsømming; dei uønskte, dei svake… (pause, tenk på namn.)
Verna dei alle frå unnfanginga til grava.
I dine hender, Herre, legg me alle som er urolege, sjuke eller bytte for dei vonde
kreftene… (pause, tenk på namn.)
Hald dei fast i din fred.
Hald dei fast i din fred. I dine hender, Herre, legg me dette fellesskapet,
alle som er samla her og andre som er i hjarto våre… (pause, tenk på namn.)
Vak over dei og oss denne natta.
Vår Herre Jesu Kristi nåde,
Gud, vår Fars kjærleik
og Den heilage andes samfunn
vera med oss alle. Amen.
(Song)
30