slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
Leid meg frå død til liv,
frå løgn til sanning.
Leid meg frå fortviling til håp,
frå frykt til tillit.
Leid meg frå hat til kjærleik,
frå krig til fred.
Må han som kom med fred,
fylla hjarto våre, staden der me
bur og arbeider,
og heile vår verd.
Signa oss no, Herre, midt på dagen,
ver nær oss og alle me er glade i.
Hald oss fast i gode haldningar,
i det glade, det enkle og det milde.
Må Den trieinige Guds endelause kjærleik visa seg klårt
for alle me møter
og fløyma over oss mildt og rikeleg
kvar stund og time.
(Evt. song)
28