Me kjem til deg som skapte og gav oss livet.
Me kjem til Sonen du sende inn i vår kvardag.
Me søkjer den fornyande Anden.
Me søkjer ditt nærver, Trieinige Gud.
Fra bibelsk salme, 127:
Dersom Herren ikkje byggjer huset,
arbeider bygningsmennene fåfengt.
Dersom Herren ikkje vaktar byen,
vaker vaktmannen fåfengt.
Fåfengt står de tidleg opp
og set dykk seint ned
og et brødet de har slite for.
Det same gjev han venene sine medan dei søv.
(Song)
Liksom arbeidet stansar midt på dagen
må også Guds kvila koma til oss.
Liksom sola står høgast midt på dagen
må også Rettferda si sol skina over oss.
Liksom regnet vaskar dei skitne vegane reine
må Anden lata det regna på vår turre grunn.
Må alt vårt arbeid vere til Guds ære,
med ansvar og respekt for dei me arbeider for
og saman med.
(Guds ord - Stilla)
Herrens bøn:
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
27
Allmenn middagsbøn