Gud, som skaper og held oppe,
no som denne mørke tida tek oss i sitt grep,
gje oss eit trygt liv på jorda og håp i himmelen.
(Song)
Gje meg råd, slik at eg kan veksa og modnast gjennom denne vintertida,
Tenn i hjarta mitt ein flamme av gjestfridom og kjærleik;
Vis meg eit liv utan misunning og frykt.
Ver meg nær, Treeinige Gud, saman med dine englar og helgenar.
Dagane er korte, lyset er svakt no.
Når det skumrar, gi oss å leva i tillit
til at du held rundt mørket som omsluttar oss.
La oss i mørket som du held rundt,
kjenna oss verna som i mors liv.
(Guds ord - Stilla)
Då du kom til verda, tendest lyset i mørket.
Når me går inn i mørket, veit me at du er der.
Me ber i kveld fram for deg vår eiga og heile verda si fortviling og naud …
I stilla tenkjer me på særlege eksempel eller nemner dei …
Høyr vår bøn, Gud.
Må alle som er i mørket, få vissa om at du er der.
(Song)
Når me er svake, viser vinteren oss den sanne styrken,
styrken hjå dei nedbrotne, styrken i å vera stille.
I deg aleine, Gud, er livets kjelde.
I deg aleine kan våre liv bli sanne og ekte.
I deg aleine kan livet bli nytt.
23
Kveldsbøn om vinteren