Lova den Heilage, alt som veks på marka.
Lova den Heilage, alt som sym i havet.
Lova den Heilage, alt som flyg i lufta.
Deg tilhøyrer pris og æra!
Lova den Heilage, alle folk på jorda.
Lova den Heilage, alle i himmelen.
Lova Livgjevaren, Frelsaren og Den Heilage Anden.
Deg gjev me pris og æra!
(Guds ord - Stilla)
Dra oss inn i det djupe mørkret
til dei såra og skadde,
inn i stilla,
for der å erfara
dei underfulle gjerningane frå dine hender.
Du som er Gud også på dei kalde, mørke dagane,
hald oss fast i vissa om at frå deira djupe vintrar
ber jorda fram ein Frelsar.
(Song)
22