I kulden frå vinteren sin vind
i djupet av våre usikre tankar,
syng til oss forteljinga om universet,
gjest oss som Frelsaren av alt det me er.
(Song)
Me bind oss denne dagen
til klippa sin styrke,
jorda si stilla,
den skarpe kulden.
Me bind oss denne dagen
til det endelause stjernehavet,
den udelte himmelkvelven,
mørkret som minkar mot dagen.
Lesing frå 1. Mosebok 8, 22:
Så lenge jorda står,
skal såtid og innhausting, kulde og hete,
sommar og vinter, dag og natt
aldri ta slutt.
Lova den Heilage, alt det skapte;
Deg gjev me pris og æra!
Lova den Heilage, de som ikkje er skapte;
Deg tilhøyrer pris og æra!
Lova den Heilage, sol og måne.
Lova den Heilage, skyer og himmel.
Lova den Heilage, regn og vind;
Deg tilhøyrer pris og æra!
Lova den Heilage, kulde og hete.
Lova den heilage, vinter og sommar.
Lova den Heilage, jord og hav.
Deg tilhøyrer pris og æra!
21
Middagsbøn om vinteren