The Community of Aidan and Hilda er eit økumenisk fellesskap
som hentar inspirasjon frå tidleg keltisk kristendom. Deira hovudsenter
ligger på Holy Island of Lindesfarne i England der dei arrangerer
retreatar, kurs og liknande. Anamcara er gællisk og tyder
«sjelevenn». Sjå meir: www.anamcara.no. Til høgre: Ray Simpson.
Forord
Desse bønene er oversette frå boka Liturgies from Lindisfarne. Prayers and services
for the pilgrimage of life, av Ray Simpson. Han er grunnleggaren av det internasjonale
Community of Aidan and Hilda som òg har ei avdeling i Noreg, kalla
Anamcara.
Ray Simpson har besøkt Utstein Pilegrimsgard fleire gonger, og har gitt oss lov til å
oversette nokre utvalde liturgiar. Harald Grønnevik har oversett desse og Reidun
Kyllingstad har tilpassa dei til Utstein Pilegrimsgard sin bønepraksis.
For mange er det uvant å la tidebønene følgje årstida. Men på denne måten blir
vi minna om at vi lever i ein rytme som ikkje berre følgjer kyrkjeåret, men og omskiftningane
2
i naturen. Den keltiske kristne tradisjonen hjelper oss til å sjå at desse
rytmene heng saman, og inviterer oss til å søkje Gud i alle ting.
Desse keltiske bønene er blitt brukt på Utstein Pilegrimsgard i mange år og blir nå
gjort tilgjengelege for fleire gjennom dette hefte.