17
Velsign Herren, alle hans skapningar, overalt kor han rår:
Velsign Herren, min sjel! (Salme 103.22)
Kveldsbøn om hausten
Gavmilde Gud,
vår og såtid har modnast til haust, di jord har bore frukt.
Vinterens reinsande kulde gav plass til vårens milde varme,
og no har sommarsola gjeve oss haustens modne gåver.
Du som gjev oss alt, me tilbed deg.
Gode Gud, dine skaparunder, himmelens glans og prakt,
naturens orden og rikdom, alt talar om din herlegdom.
At Son din kom til oss, at Anden er nær,
fellesskapen i di kyrkje viser oss din forunderlege kjærleik.
Årets rytme, det vakre på jorda, haustens fruktbare gåver,
alt kallar oss inn i tilbedinga av deg.
(Song)
Bibelsk salme 67:
Gud vere oss nådig og velsigne oss,
Gud lat sitt andlet lysa for oss!
Då skal din veg bli kjend på jorda,
di frelse mellom alle folkeslag.
Folka skal prisa deg, Gud,
alle folk skal prisa deg!
Lat folkeslag gleda seg og jubla,
for du dømmer folka med rettferd,
og leier folkeslaga på jorda.
Folka skal prisa deg, Gud,
Alle folk skal prisa deg!
Jorda har gjeve si grøde.
Gud, vår Gud, velsignar oss.
Gud skal velsigna oss!
Heile jorda skal frykta han!
Deg vere takk
for det skiftande, fargerike landskapet