15
Me veit at jorda ikkje tilhøyrer oss,
me tilhøyrer jorda.
Me veit at alt heng saman,
lik blodet som bind ein familie saman.
Me veit at me ikkje slo inn trådane i livsveven,
me er berre ein tråd i den.
Me veit at kva me enn gjer mot andre, det gjer me mot oss sjølve.
Amen.
(Guds ord - Stilla)
Utan vatn kan ikkje planter veksa.
Gud vere lova.
Utan vatn kan ikkje menneske leva.
Gud vere lova.
Utan vatn kan ikkje menneske leva.
Lova vere Gud, det Levande Vatnet.
Må livet frå Gud fløyma som ei elv gjennom oss og gjennom landet.
Me ber for dei som har fått avlingar øydelagde i uår, naturkatastrofar og krig,
dei svoltne, flyktningar og heimlause,
for dei som slit tungt i kamp mot harde livsvilkår,
og dei som har fått draumane og planane sine knuste.
(Song)
Gud, gjer liva våre heile i ein fullmoden haust,
og kron året med det som godt er.
Hjelp oss å gå vidare med alle minne og bører frå livet vårt,
tilgjev, gjer oss reine og fyll livet med glede.
Gjer oss klare til hausten,
og lat ditt liv fødast og modnast i oss.