
Som haustlyset modnar kornet,
lat også me modnast, Gud.
Som lauvet fell og kornet blir lagra,
gjev oss å leggja sommaren bak oss
og gå vidare i djupare fellesskap med takk til deg.
Frå bibelsk salme 65:
Gud, vår frelsar, all verdas endar og det ytste havet stoler på deg.
Du reiste fjella med di kraft.
Lat oss prisa Gud som gavmildt kronar året med sin haust.
Du døyvde det brusande havet, bølgjebruset og ståket frå folka.
Dei som bur lengst unna, blir gripne av frykt ved dine teikn.
13
Me takkar deg for alt det grøne som veks fram,
gi ny vekst til alt undertrykt liv.
Gud, vår Skapar, lær oss å ta vare på jorda,
og vera gode forvaltarar av alt du har gitt oss.
Opna augo våre slik at me kan sjå handa di i naturen,
og gi oss hender som tek vare på alle dine materielle gåver.
Lær oss å leva etter dine gode lover.
Slik sola omsluttar heile jordkrinsen med sitt lys og sin varme,
slå ein krins om staden her, Gud.
Slå ein krins om jorda og havet.
Hald det vonde ute, og det gode mellom oss.
Slå ein krins om årets grøda, og om heimane.
Hald misbruket ute, og den varme omtanken mellom oss.
Må signinga frå Han som er den store sola vera over deg
og fylla rommet rundt deg og i deg med sitt lys slik at augo dine lyser.
Må signinga frå regnet og jorda og vinden vera over deg,
signinga frå dei Tre alltid vera over deg.
(Song)
Morgonbøn om hausten